Uavhengig av parti og fagforbund

Regjeringa opnar for statsstøtte til utanlandske skip. NRK 10.03.2026

Regjeringa vil opne lommeboka for utanlandske skip. No går reiarlag og fagforeiningar saman i eit uvanleg opprør.

Regjeringa sitt framlegg om å subsidiere skip utan norsk flagg møter sterk kritikk frå både fagforeiningar og politiske motstandarar.

I dag bruker staten rundt 2,5 milliardar kroner i året på å favorisere skip med norske flagg i hekken.

Støtta blir overført til reiarlaga som seglar under norsk flagg og som garanterer for at dei tilsette får anstendig (les: norsk) lønn.

No seier regjeringa at ho ikkje har anna val enn å utvide ordninga til å omfatte også dei som seglar under utanlandsk flagg.

Bakgrunnen er ein streng beskjed frå ESA om at EØS-reglane krev ein «flaggnøytral» ordning. Og der kunne saka enda.

Men no har det som skulle vera ei teknisk justering for å blidgjera resten av Europa utvikla seg til ein politisk thriller.

– Ei vesentleg svekking av det norske flagget

I eit felles brev til dei folkevalde på Stortinget står LO og sjømannsorganisasjonane side om side med sin vanlege motpart, Noregs Reiarlagsforbund.

«Etter vårt syn inneber dette forslaget ei vesentleg svekking av rammevilkåra for det norske flagget og Noregs posisjon som maritim nasjon», skriv den nye alliansen.

Kritikken går ut på at forslaget ikkje berre likestiller utanlandske flagg med norske, men at det i somme tilfelle vil vera meir lønsamt å flagga ut til land med svakare regelverk.

Kritikarane meiner forslaget vil svekke det norske flagget og gje økonomiske insentiv til å flagga ut skip til land med svakare regelverk.

– Uforståeleg i dagens urolege verd

På toppen får regjeringa kritikk av sine eigne fagfolk i Sjøfartsdirektoratet.

I sitt høyringssvar skriv direktoratet at forslaget svekker den norske flåten ved å legge opp til ei ordning der det er økonomisk smartare å velja eit utanlandsk flagg enn det norske.

Stortingsrepresentant Marius Arion Nilsen (Frp) i næringskomiteen meiner regjeringa spelar hasard med nasjonale interesser.

Han peikar på at ordninga gir reiarar ein direkte økonomisk grunn til å forlate norske register.

– Regjeringa føreslår ei ordning som vil gi store økonomiske insentiv til å flagga ut frå Noreg, seier han.

– Det er uforståeleg i fredstid, men enda meir uforståeleg i dagens urolege verd.

– Dette er ein katastrofe for norske sjøfolk, seier Geir Jørgensen i Raudt.

– No må regjeringa sette seg på flyet til Brussel, snakke med EU og få dei nødvendige unntaka som vi treng for å vareta norske sjøfolk på norske skip. Eg synest at dette er veldig defensivt.

Jørgensen legg til:

– I verste fall kan dette ende med at vi skal subsidiere andre land med norske midlar. Det er heilt innlysande at dette må stoppast.

Regjeringa: – Regelverket må vere i tråd med EØS-retningslinjer

Regjeringa forsvarar forslaget og meiner kritikarane overser det viktigaste poenget:

Utan ei «flaggnøytral» ordning kan heile støtteordninga på 2,5 milliardar kroner forsvinne.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss kallar ordninga eit avgjerande verkemiddel. Ho peikar på at tilskota er hovudårsaka til at Noreg framleis er ein av Europas største sjøfartsnasjonar.

– Ved å opne ordninga for sjøfolk på fleire EØS-registrerte skip bringar vi regelverket i tråd med gjeldande EØS-retningslinjer, seier ho på regjeringa sine eigne nettsider.

– Samtidig er det avgjerande at ordninga framleis har ei tydeleg norsk forankring og bidrar til å sikre maritim kompetanse og sysselsetting i Noreg.

Kampen flyttar seg no til Stortinget.

Der regjeringa meiner dei reddar ordninga, svarer fleire av dei folkevalde at «redninga» gjer ordninga verdilaus for norske sjøfolk.

– Regjeringa har hatt lang tid på å finne ei løysing i tråd EØS-avtalen, som held oppe norsk konkurransekraft, seier Bård Ludvig Thorheim (H).

– I staden skaper dei uvisse for ein av Noregs store eksportnæringar. No må regjeringa komme med eit nytt forslag som Høgre og Stortinget kan stille seg bak.

Det nye regelverket skal etter planen gjelde frå 1. september 2026.

Sjøfartsdirektoratet åtvarar om at forslaget kan svekke den norske flåten og nasjonale interesser, særleg i ei uroleg verdssituasjon.

Regjeringa forsvarar forslaget med at det er nødvendig for å tilpasse seg EØS-retningslinjer og sikre at heile tilskotsordninga på 2,5 milliardar kroner ikkje blir kjent ulovleg.

Kritikken handlar om at ei «flaggnøytral» ordning kan gjera tilskotsordninga verdilaus for norske sjøfolk og reiarar. – Det nye regelverket skal etter planen tre i kraft 1. september 2026, men kampen om ordninga held fram i Stortinget.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Har du en mening om saken? Send inn et innlegg eller tips. Alle innsendte saker leses av styret før publisering. Send inn et innlegg →

Sammen er vi sterke. Bli med og løft yrket.

Bli medlem